RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon

Transportvilkår Fjord1 AS

Transportvilkår Fjord1 AS

Transportvilkåra på denne sida samsvarer med sjøloven av 24. juni 1994 nr. 39.

Erstatningsansvaret til transportøren

1. Transportøren sitt erstatningsansvar ved innanriks godstransport*

*) For mindre gods som vert ekspedert direkte om bord i ferjene, jf. reglane for Godsfrakt for småpakkar i pkt. 7 i Andre reglar for trafikk i ferjerutene og i Riksregulativet for ferjetakstar.

1.1 Ansvarsperiode og ansvarsgrunnlag – § 274

Transportøren er berre ansvarleg for godset mens det er i hans varetekt i lastehamna, under transporten og i lossehamna.

Transportøren skal ikkje lenger sjåast som å ha godset i si varetekt:

a) når transportøren har levert godset til mottakaren,
b) dersom mottakaren ikkje tek imot godset frå transportøren når det er lagt opp for mottakaren si rekning i samsvar med avtalen eller etter lov eller praksis i lossehamna, eller
c) når transportøren har overlevert godset til styresmakt eller annan tredjeperson etter lov og reglar i lossehamna.

Transportøren er ikkje ansvarleg for tap som følgje av at gods går tapt eller vert skadd eller forseinka, dersom han godtgjer at tapet ikkje kjem av feil eller forsøming frå transportøren sjølv eller frå nokon transportøren svarer for, eller for tap som følgje av tiltak for å redde personar eller rimelege tiltak for å berge skip eller annan eigedom til sjøs.

1.2 Tap som følgje av nautisk feil og brann – § 276

Transportøren er ikkje ansvarleg dersom han godtgjer at tapet er ei følgje av:

a) feil eller forsøming i navigeringa eller i behandlinga av skipet gjord av føraren av skipet, mannskap, los eller slepebåt eller andre som utfører arbeid i skipet si teneste, eller
b) brann som ikkje skriv seg frå feil eller forsøming frå transportøren sjølv. 

1.3 Dekkslast – § 263

Gods kan transporterast på dekk dersom dette er tillate etter transportavtalen, følgjer av handelsbruk eller annan sedvane i den farten det gjeld, eller er påbode i eller i medhald av lov.

1.4 Ansvarsgrenser – § 280

Transportøren sitt ansvar skal ikkje overstige 667 SDR for kvart kolli eller anna eining av godset eller 2 SDR for kvart kilogram av bruttovekta av det godset som er tapt, skadd eller forseinka. Den av ansvarsgrensene som gir det høgaste ansvaret, skal brukast. Ved avtale om sjøtransport i innanriks fart i Norge er transportøren sitt ansvar avgrensa til 17 SDR for kvart kilogram av bruttovekta av det godset som er tapt eller skadd. Ansvaret for forseinking skal ikkje overstige den samla frakta etter transportavtalen.

Reglane om transportøren sine motsegner og grensene for transportøren sitt ansvar gjeld sjølv om kravet mot transportøren ikkje vert grunna på transportavtalen.

Reglane gjeld òg tilsvarande dersom kravet vert retta mot nokon transportøren svarer for, og vedkomande godtgjer å ha handla i tenesta eller for å fullføre oppdraget.

1.5 Transportøren sitt ansvar for undertransportør – § 285

Er det uttrykkjeleg avtalt at ein viss del av transporten skal utførast av ein namngitt undertransportør, er transportøren ikkje ansvarleg for tap oppstått ved ei hending som skjer mens godset er i undertransportøren si varetekt.

1.6 Reklamasjon – § 288

Er godset levert utan at mottakar har gitt transportøren skriftleg melding om tap eller skade som mottakaren har oppdaga eller burde ha oppdaga, og om kva slags tap eller skade det gjeld, vert alt gods sett på som levert i slik stand som beskrive i transportdokumentet når anna ikkje vert godtgjort. Var tapet eller skaden ikkje synleg ved leveringa, gjeld det same dersom skriftleg melding ikkje er gitt seinast tre dagar etter leveringa.

Transportøren er ikkje ansvarleg for tap som følgje av forseinka levering, med mindre det er gitt skriftleg melding innan 60 dagar etter at godset vart overlevert til mottakaren.

1.7 Lovval og verneting

Transporten er underlagd norsk sjølov av 24. juni 1994 nr. 39.

2. Transportøren sitt ansvar for passasjerar, køyretøy og reisegods

2.1 Ansvar for passasjerar og reisegods

Transportøren pliktar å erstatte tap som oppstår ved at ein passasjer døyr eller vert skadd (personskade), eller ved at reisegods går tapt eller vert skadd på grunn av ei hending under transporten, når tapet, skaden eller dødsfallet kjem av feil eller forsøming frå transportøren sjølv eller nokon han svarer for. Tilsvarande gjeld for tap som oppstår ved at transporten av passasjer eller transporten eller leveringa av reisegods vert forseinka.

For pengar, verdipapir og andre verdisaker, som gull, sølv, juvelar, smykke og kunstgjenstandar, er transportøren ikkje ansvarleg med mindre dei er tekne imot av han for trygg oppbevaring.

Personen som krev erstatning, må føre bevis for omfanget av tapet og for at det er oppstått ved ei hending under transporten.

For tap som følgje av personskade eller skade på handreisegods må personen som krev erstatning, like eins føre bevis for at det er gjort feil eller forsøming som transportøren svarer for.

2.2 Ansvar for køyretøy  

For køyretøy som passasjerar har med seg, gjeld dei same reglane som for reisegods, med mindre noko anna går fram av desse transportvilkåra. Det same gjeld eventuell tilhengar, campingvogn m.m. som følgjer køyretøyet. I slike tilfelle er køyretøy med tilhengar å sjå som eitt køyretøy når det gjeld kva ansvar transportøren har.

2.3 Tryggleiksforskrifter – forbod mot farleg last

Utan kjennskap eller løyve frå transportøren må passasjeren av tryggleiksgrunnar ikkje ta med seg farlege gjenstandar eller stoff, inkludert – men ikkje avgrensa til – eksplosjonsfarlege, brennbare eller etsande stoff, fyrverkeri medrekna.

På køyretøy og campingvogner utstyrte med gassanlegg må hovudventilen for anlegget vere avstengd, og alle innretningar som kjøleskap m.m. må vere sløkte mens køyretøyet er om bord.

2.4 Kva transportøren ikkje har ansvar for

Transportøren er ikkje ansvarleg etter reglane i pkt. 2.1 i følgjande tilfelle:

a) For personskade oppstått i tida før passasjeren går om bord, og etter at han er komen i land, med mindre det dreier seg om sjøtransport mellom skipet og land som er inkludert i billettprisen, eller som vert utført med transportmiddel stilt til rådvelde av transportøren.
b) For handreisegods som ikkje er å finne i eller på medført køyretøy i tida før godset vert teke om bord, og etter at det er teke i land, med mindre det dreier seg om sjøtransport som nemnt under a) eller for den tida transportøren har hand om godset mens passasjeren er på kai eller terminal eller anna anlegg i hamn.
c) For levande dyr som vert sende som reisegods.
d) Der det er avtalt eller klart føresett at ein viss del av transporten skal utførast av ein namngitt undertransportør, er transportøren ikkje ansvarleg for tap oppstått ved ei hending som skjer mens godset er i undertransportøren si varetekt.

Reglane ovanfor gjeld òg om kravet mot transportøren ikkje vert grunna på transportavtalen.

2.5 Avgrensing av transportøren sitt ansvar

Ansvaret for personskade skal ikkje overstige 175 000 SDR for kvar passasjer. Ansvaret for forseinking av transporten av passasjeren skal ikkje overstige 4150 SDR.

Ansvar for tap som følgje av at reisegods har gått tapt, vorte skadd eller er vorte forseinka, skal ikkje overstige:

a) 1800 SDR per passasjer for tap som gjeld handreisegods
b) 6750 SDR per passasjer for tap som gjeld verdisaker som er mottekne til trygg oppbevaring
c) 10 000 SDR per køyretøy inkludert eventuell tilhengar
d) 2700 SDR per passasjer for tap som gjeld anna reisegods

Summane i første og andre ledd ovanfor gjeld for kvar reise. Ved skriftleg avtale mellom passasjeren og transportøren kan det fastsetjast høgare ansvarsgrenser.

Reglane om motsegn frå transportøren si side og grensene for transportøren sitt ansvar gjeld sjølv om kravet ikkje er grunna på transportavtalen. Reglane gjeld òg tilsvarande dersom kravet vert retta mot nokon som transportøren svarer for, og vedkomande godtgjer å ha handla i tenesta eller for å fullføre oppdraget.

2.6 Passasjeren sin eigendel

I det oppståtte tapet har transportøren rett til å gjere frådrag på inntil:

a) 150 SDR per køyretøy i tilfelle av skade på køyretøy
b) 20 SDR per passasjer i tilfelle av tap eller skade på anna reisegods
c) 20 SDR per passasjer i tilfelle av tap som kjem av forseinking

2.7 Dekklasting av reisegods

Transportøren har rett til å transportere reisegods, inkludert kjøretøy, på dekk.

2.8 Omlegging av ruter og bruk av skip – gjensidig kanselleringsrett

Transportøren har rett til å gjere avvik frå ruta ved å ikkje leggje til ved oppgitte stoppestader eller endre rekkjefølgja på stoppestadene. På same måten kan transportøren oppfylle fraktavtalen med anna skip av same standard utan verknad for billettprisen. Dersom høveleg skip ikkje kan skaffast etter havari, vert fraktavtalen kansellert mot full refusjon av billettprisen for reisestrekninga avtalen gjeld.

Dersom passasjeren ikkje tiltrer reisa eller avbryt ho, har transportøren rett til det avtalte vederlaget, med mindre passasjeren er død eller hindra av sjukdom eller annan rimeleg grunn og transportøren vert underretta utan grunnlaust opphald.

2.9 Forelding

Transportøren sitt ansvar for personskade eller for forseinking vert forelda 2 år frå den dagen passasjeren forlét skipet. Har dødsfall skjedd etter ilandstiginga, er fristen 2 år etter dødsdagen, men ikkje meir enn 3 år etter ilandstiginga.

Ansvar for reisegods vert forelda 2 år frå den dagen passasjeren forlét skipet eller reisegodset vart teke i land eller levert.

2.10 Lovval og verneting

Transporten er underlagd norsk sjølov av 24. juni 1994 nr. 39. Søksmål som gjeld transporten, kan berre reisast ved domstol

a) på den staden der saksøkte har bustaden sin eller hovudsetet for verksemda,
b) på avgangsstaden eller bestemmingsstaden etter transportavtalen,
c) i den staten der saksøkjaren har bustaden sin, dersom saksøkte har ein forretningsstad i denne staten og kan saksøkjast der, eller
d) i den staten der transportavtalen vart inngått, dersom saksøkte har ein forretningsstad i denne staten og kan saksøkjast der.

Etter at tvist er oppstått, kan partane avtale at tvisten skal behandlast av ein annan domstol eller ved valdgift.

 

Definisjon av SDR – § 505

Med SDR er det meint den spesielle trekkretten som er fastsett av Det internasjonale valutafondet. Han skal reknast om til norske pengar etter kroneverdien uttrykt i SDR den dagen då betalinga skjer eller avgrensingsfond vert oppretta etter kapittel 9 eller 10 i sjøloven. Ved inngangen til mars 2012 var 1 SDR = 8,643 NOK.

For oppdaterte valutaberekningar sjå: http://www.imf.org/external/np/fin/data/param_rms_mth.aspx

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål