RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon

Refusjonsreglar for kundekort på passasjerbåt

Refusjonsreglar for kundekort på passasjerbåt

Refusjonsreglar for kundekort gitt av Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Verdikort

Kortet kan løysast inn. Verdien i kortet vert refundert minus 10 % i adm. kostnader av restverdien. Det same gjeld om kortet er tapt/mista (ikkje innlevert), men kunden kan dokumentere eigarskap med kvittering og/eller kortnummer. Ubrukt verdikort vert refundert med det beløpet som er betalt inn/fylt på kortet. 

Ungdomskort

Påbyrja periode vert ikkje refundert. Ubrukt, ikkje påbyrja periode, vert refundert med aktuell kjøpspris. 

Periodekort

Kortet kan løysast inn i løpet av den tida det er gyldig. Refusjon vert gjeve med 1/30 av periodekortprisen pr. dag. Restperiodar mindre enn 10 dagar vert ikkje refundert. Ubrukt, ikkje påbyrja periode, vert refundert med aktuell kjøpspris.  

 

I sjukdomstilfelle

Kort som på grunn av sjukdom ikkje kan nyttast, skal dersom det vert kravd refusjon, leverast inn (sendast) til selskapet. Refusjon vert gjeve mot legeerklæring med 1/30 av periodekortprisen pr. dag for påbyrja periode der kortet ikkje har vore brukt, men ikkje dersom dette har vore mindre enn 10 dagar.

Ubrukt periode vert refundert med aktuell kjøpspris. Dersom det er omstende ved sjukdomstilfellet som gjer at det ikkje har vore mogleg a levere inn kortet (sende inn) til selskapet, kan refusjon likevel utbetalast til kunden mot at kunden kan dokumentere eigarskap med kjøpskvittering og kortnummer, samt legeerklæring.

Pant

Pant refunderast på alle kort som ikkje skal brukast meir og som blir innlevert. Dersom kortet er øydelagt, blir ikkje pant på kr 100 pr. kort refundert. 

Pant blir refundert av det selskapet som selde kortet til kunden første gangen, med unntak av Ungdomskort. Pant på Ungdomskort vert refundert av alle selskap sjølv om kortet er kjøpt hja anna selskap første gongen.

Gebyr

Dersom kortet vert sperra ved misbruk, eller eigar av kortet ber om at kortet vert sperra, kostar det kr 250 å få aktivert kortet.

Teknisk feil

Dersom det førekjem teknisk feil på eit kort, skal restverdi og pant tilbakebetalast utan å ta adm. kostnader.

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål