RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon Gjeld ikkje Arsvågen - Mortavika

Kundekort for passasjerbåt

Kundekort for passasjerbåt

Sogn og Fjordane fylkeskommune er oppdragsgjevar for både buss og passasjerbåt, og kundekorta er gyldige på begge transportmidla.

Periodekort

Pris: Varierer etter reiselengda kortet skal gjelde for, men gir ca. 50 % rabatt ved 20 tur-retur-reiser per månad. Sjå pristabell for buss. Periodekortet gjeld frå og til bestemte kaier/haldeplassar og kan nyttast på overgang buss/buss, båt/buss og buss/båt. Kortet skal presenterast ved kvart byte av transportmiddel.

Du får lagt inn periode på 30 dagar i kortet. Perioden gjeld frå den datoen perioden blir aktivert, dvs. ved første gongs bruk i ein billetterminal i bussen/båten, og til midnatt på dag nr. 30.

Det fins fire produktvariantar for periodekort:

  • Periodekort Barn (4–16 år)
  • Periodekort Student (ikkje på båt)
  • Periodekort Vaksen
  • Periodekort Kombi båt/buss (pris redusert med 25 %, gjeld kun i Florabassenget*)
    *Kombikort for båt-buss og buss-båt kan ein kjøpe hos Fjord1 og Firda Billag. For buss-båt-buss-reise, må ein kjøpe kort hos Firda Billag)

Bestill Fjord1-periodekort her

Du treng ikkje vente med å fornye til gammal periode er over. Ny periode blir lagt på vent og aktivert først når du reiser første gong etter at gammal periode er over. Fornying av periode og bruk av kortet må skje hos det trafikkselskapet du kjøpte kortet. Kombikort for buss-båt i Florabassenget kan du fornye både hos Fjord1 og Firda Billag.

Periodekortet er personleg og skal ha påtrykt foto og namn. Av omsyn til personvernet koplar ikkje trafikkselskapa kortnummeret mot kundenamn. Kun kortnummer blir registrert i trafikkstatistikken. Skulle du ha spørsmål om kortet/bruken, må du oppgje kortnummeret som står påtrykt og som berre du kjenner.Billettør om bord kan gje deg informasjon om attståande dagar på kortet.

Ved kjøp av Periodekort for barn om bord, må du ha med legitimasjon som viser alder på barnet.

For å stimulere til å ta vare på og gjenbruke korta blir det kravt kortpant på 100 kr.

Ferdig kort vert sendt til deg i posten eller utlevert i skranke – eller på anna høveleg vis dersom du ber om det på skjemaet. Betaling for pant og periode skjer ved første gongs bruk. Barn og studentar må syne legitimasjon (aldersbevis/studentbevis) til sjåfør/billettør ved første gongs bruk av kortet.
 

Ungdomskort 

Pris i 2013: 370 kr for 30 dagar.
Det nye elektroniske ungdomskortet kan påfyllast ein periode på 30 dagar – uavhengig av kalendermånad.

Kortet gjeld frå den dagen du fyller 16 år og til den dagen du fyller 20 år.

Perioden gjeld frå den datoen perioden blir aktivert, dvs. ved første gongs bruk av perioden i ein billetterminal i bussen/båten/ferja og til midnatt på dag nr 30.

Ungdomskortet gjeld også på ferjer i Sogn og Fjordane (dvs. ikkje  Møre og Romsdal, Hordaland og Rogaland).

Ungdomskortet er personleg og skal ha påtrykt foto og namn. Av omsyn til personvernet koplar ikkje trafikkselskapa kortnummeret mot kundenamn. Kun kortnummer blir registrert i trafikkstatistikken. Skulle du ha spørsmål om kortet/bruken, må du oppgje kortnummeret som står påtrykt og som berre du kjenner.

For å stimulere til å ta vare på og gjenbruke korta blir det kravt kortpant på 100 kr.

Bestill ungdomskort her frå det ruteselskapet som du brukar mest.

Bestilling kan også skje over disk der ruteselskapa har ekspedisjonar. Ferdig kort vert sendt til deg i posten, utlevert i skranke eller på anna høveleg vis dersom du ber om det på skjemaet. Betaling for pant og periode skjer ved første gangs bruk. Syn fram gyldig legitimasjon til sjåfør/billettør, som legg inn fødselsdato ved kjøp av kortet.

Gyldig legitimasjon er pass, bakkort med bilde eller førarkort.
 

Verdikort

Verdikort kjøper du og fyller på direkte hos bussjåføren eller rutebilekspedisjonane, for passasjerbåt kjøper du og fyller på kortet direkte hos billettør om bord. Kortet kan nyttast umiddelbart etter kjøp.

– Valfrie påfyllingsbeløp på buss/ båt: 300 kr, 500 kr eller 1000 kr

Verdikortet gir 17 % rabatt ved reiser innanfor Sogn og Fjordane. Kortet kan også nyttast som betaling på reiser over fylkesgrensene – men då utan å gje rabatt på reisa. Verdikortet er ikkje personleg og er utan namn/foto. Kortet kan brukast til å betale for fleire personar/kategoriar og er ikkje knytt til bestemte haldeplassar. Det er likevel kun barn og vaksne som får rabatt.

Kun kortnummer blir registrert i trafikkstatistikken. Skulle du ha spørsmål om kortet/bruken, må du oppgje kortnummeret som står påtrykt og som berre du kjenner.

For å stimulere til å ta vare på og gjenbruke korta blir det kravt kortpant på 100 kr. Kortpanten vert kravd ved første gongs påfylling.   

Refusjon

Refusjonsreglar gitt av Sogn og Fjordane fylkeskommune: les meir.  

For søknad om refusjon kan du bruke vårt skjema for refusjon. 

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål

Nyhetsbrev