Ofte stilte spørsmål

Mange lurar på det same, her er ei oversikt.

Korleis kjøper eg billett på ferja eller passasjerbåten?

På ferja:

Ein betaler enten ved at bilen sitt kjennemerke blir registrert med kameraregistrering eller at autopassbrikke blir lest.

Om du ønskjer å betale manuelt, ta kontakt med ein matros. Ein kan kun betale manuelt med kredittkort. Det er ikkje mogleg å betale med kontantar på ferje.

Ein betalar kun for køyretøyet. Passasjerar er gratis, dette gjeld både dei som er passasjerar i køyretøy og dei som kjem til ferjekaia på andre måtar.

 Med ferjeavtale eller Autopassbrikke registrert på kjennemerket får ein rabatt på ferjereisa.

  • Forskotsavtale på www.autopassferje.no som gir inntil 50 % rabatt
  • Autopassbrikke gir 10 % rabatt. Brikke kan bestillast på www.autopass.no
  • Registrer bankkort eller kredittkort på www.ferrypay.no. Gir ikkje rabatt, men ein unngår fakturagebyr

Dei trafikantane som ikkje har rabattavtale eller har registrert seg på ferrypay.no vil få ettersendt faktura pr. post for det reisa kostar, med eit fakturagebyr på 70 kr.
Faktura vert sendt til registrert eigar av køyretøyet.

På passasjerbåt:
Her kan du lese meir om korleis betale på passasjerbåt i Sogn og Fjordane. 

AutoPASS-kort (AutoPASS-ferjeavtale) kan også nyttast betalingsalternativ dersom du reiser ifølge med bil.
På passasjerbåtane betaler ein for reisande, bil og gods.

Eg er yrkessjåfør og køyrer termotransport. Kan kjøleanlegget gå under ferjeoverfarten?

Av omsyn til tryggleik og særleg brannfare, skal alle forbrenningsmotorar innmontert i motorvogn eller tilhengar vere stoppa under overfarten. I særlege tilfelle kan likevel skipsførar tillate at andre forbrenningsmotorar enn framdriftsmotor går under overfart. Dersom du treng å ha t.d. kjøleaggregat i gang, ber vi om at du tek kontakt med ferja før planlagt avgang. Særlege plasseringsreglar på ferjedekket vert gjeldande, og sjåfør skal under overfarten føre kontinuerleg tilsyn med køyretøyet.

Eg har funksjonsutfordringar og har vanskeleg for å komme meg fram, kva gjer eg?

Ta kontakt med mannskapet før du køyrer om bord, slik at du får ei god plassering tilpassa dine behov. Om vi er merksam på dette behovet vil vi tilrettelegge for deg etter beste evne.

Eg har mista eller gløymt noko om bord, korleis kan eg kontakte fartøyet?

På dei fleste sambanda finn du telefonnummeret ved å gå inn på "generell informasjon" under det aktuelle sambandet. Om telefonnummeret ikkje ligg der, kan du ringe sentralbordet på tlf. 577 57 000.

Eg har motteke ein faktura på ei ferjepassering, kva gjer eg?

Det er Autopassferje, som driftast av Skyttel AS som administerer dette, på oppdrag frå Statens vegvesen. 
 
Ferjeselskapa sender ikkje ut rekning, og lagrar heller ikkje reisedata. Du kan ta kontakt med Autopassferje her!
 
 

Kan bilen stå med motor i gang under ferjeoverfarten?

Nei. Av omsyn til tryggleik og særleg brannfare, skal framdriftsmotor alltid vere stoppa under overfarten.

Kan eg ta med dyr om bord i ferja?

Ja, du kan ta med dyr på alle våre samband. Ombord i våre ferjer må dyr vere att i bilen, eller plassert i bur (som du eventuelt kan låne om bord) under overfarten. Dyr kan ikkje vere med inn i salong området.

OBS! På nedre bildekk på Arsvågen-Mortavika kan ikkje passasjerar sitte i bilen under overfarten. Blir du tilvist denne plasseringa og ikkje ønskjer at dyret skal vere att i bilen åleine, må du ta med deg dyret til øvre bildekk og evt plassere det i bur. 

Kan eg ta med sykkel om bord?

Ja det kan du, men det er ikkje lov å sykle om bord! Du må difor trille sykkelen både ved på- og avstiging.

Kan ferja vente på meg?

Nei, dessverre! Fjord1 har avtale med oppdragsgjevar basert på konkrete avgangstider, og presis avgang er avgjerande for at også etterfølgjande turar får presis avgangstid.

Presis avgangstid er også ein del av servicen som kundar får ved å kome i land til planlagt tid. Vi kan difor normalt ikkje imøtekome ønske frå enkeltkundar som ber skipsførar om å vente.

Korleis finn eg ut om ferja er i rute eller om det har oppstått avvik?

Større avvik i ferjerutene vert kunngjorde på hovudsida på Fjord1.no og på infosida for sambandet. Det blir også kostnadsfritt sendt trafikkmeldingar for enkelsamband via SMS til dei som abonnerer på tenesta. Ein kan også laste ned Fjord1 sin mobilapp med oppdatert informasjon og trafikkmeldingar.

Kunngjering og skilting av ev. omkøyringsvegar er Statens vegvesen sitt ansvar. Informasjon om dette finn du på www.vegvesen.no eller på tlf. 175. Tlf. 175 er også oppdatert på driftsavvik.

Kundekort på passasjerbåt

Det finst to produktvariantar for periodekort - som gjeld for Kystvegekspressen, Vik-Ortnevik og Ortnevik-Måren-Nordeide.

  • Periodekort barn (4–16 år)
  • Periodekort vaksen

Bestill Fjord1-periodekort her

Kva er autopass for ferje?

Betalingskonseptet «AutoPASS for ferje» skal erstatte den gamle ordninga med verdikort og storbrukarkort.

Ein avtale om AutoPASS for ferjer inneber:

  • Forskottsbetalt avtale som gir 50% rabatt for privat- og 40% rabatt for firma-avtale (17% på personbillettar).
  • Landsomfattande avtale (med visse unntak).
  • På ferjene vil ein ta betalt via AutoPASS-brikke eller AutoPASS ferjekort.
  • På min side på autopassferje.no. kan du følge med gjennomførte reiser, restsaldo og faktura.
  • Ved berre å ha brikke utan ferjeavtale får ein 10% rabatt på brikkesamband

For meir informasjon sjå: www.autopassferje.no

Kva kostar det for el-bil?

Elbil betaler no 70% av taksten til konvensjonelle køyretøy. Bompenge-delen av billetten er det ikkje rabatt på.Sjåfør er alltid inkludert i billetten for bilen. Personar reiser gratis på alle samband. 

Kva kostar det med bil og hengar?

For å berekne taksten for bil og hengar tek ein utgangspunkt i biltaksten. Føresetnaden er då at det er snakk om ein personbil under 6 meter og under 3500 kg.

Dersom totallengda på bil og hengar er under 10 meter skal ein gange biltaksten med 2.
Dersom totallengda på bil og hengar er over 10 meter skal ein gange biltaksten med 3. 
Dersom biltaksten inkluderar bompengar skal ein berre legge desse til ein gang.

Døme på utrekning av takst for bil og hengar over 10 meter på sambandet Brekstad-Valset:
Biltakst kr. 145 x 3 + bomp. kr. 79 = totalpris kr 514,-

Kva kostar ein billett?

Sjå informasjon under kvart enkelt samband for informasjon om billettprisar.