Intranett

RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon Gjeld ikkje Arsvågen - Mortavika

Ekstrakapasitet på Stranda-Liabygda

Ekstrakapasitet på Stranda-Liabygda

Møre og Romsdal fylkeskommune og Fjord1 har inngått avtale om ekstrakapasitet i sommarperioden for ferjesambandet Stranda-Liabygda. 

Avtalen har ein varigheit for resten av kontraktsperioden – ut 2019.

Denne sommaren er det MF Dalsfjord som skal inn som andreferje på sambandet. I 2018 og 2019 blir det auka kapasitet i denne ruta, etter planen med MF Sunnfjord.

Møre og Romsdal fylkeskommune har i samarbeid med Fjord1 i dag send ut følgjande pressemelding:

I 2017 vil det gå to ferjer på strekninga Stranda-Liabygda frå 1. juni til 31. august. B-ferja vil køyre spegelvendt av A-ferja frå klokka 09.30 til 19.15 på kvardagar, 11.30 til 18.15 på laurdag og 11.30 til 19.15 på søndag.

Føresetnaden samferdselsutvalet har sett for denne løysinga, er at ekstraavgangane blir finansiert gjennom ei takstauke. Ferjesambandet vil dermed gå frå takstsone 3 til takstsone 5 frå og med 1. juni og for resten av kontraktsperioden.
Løysing for attståande køyretøy

Gjennom tilleggskjøpet blir det ei betydeleg kapasitetsauke i sambandet.

– I fleire år har det vore ei auke i talet attståande køyretøy, og vi er svært godt nøgd med å finne ei løysing på dette, seier samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fuglseth legg til at dette vil auke kapasiteten i sommarperioden i sambandet med ei ekstra ferje på 28 personbileiningar i 2017 og 36 i personbileiningar i 2018-2019.

– Vi har grunn til tru at dette er blir ei langsiktig og god løysing for våre reisande. Det har vore nokre hektiske månader for å kome i mål med ei driftsløysing til 1. juni, men samarbeidet har vore særs godt og saka har hatt høg prioritert hos alle involverte partar. Både Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen Region midt fortener ros for samarbeidet og vilja til å finne naudsynte løysingar, seier regionleiar Odd Reidar Ormåsen i Fjord1 AS.

– Vi ser frem til å starte opp drifta av toferjeløysinga, og håpar dette skal bidra til å marginalisere gjenståandeproblematikken på sambandet, avsluttar Ormåsen.

Eiga ruteplan i 2018-2019

Det blir ei eiga ruteplan med sommar- og vinterrute og 20-minuttavgangar i sommarperioden 2018-2019, dette kjem vi tilbake til seinare.

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål

Nyhetsbrev