RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon Gjeld ikkje Arsvågen - Mortavika

Fjord1 har gjort Ferje-Norge tryggare

Fjord1 har gjort Ferje-Norge tryggare

Folk har aldri reist sikrare med Fjord1 enn i 2016. 

Etter eit langvarig og kontinuerleg sikkerhetsarbeid i Fjord1, har tida der media meldte om uønskte hendingar med ferjene i selskapet lenge vore eit tilbakelagt stadium. Slik skal det halde fram, ifølgje Deon Mortensen, sikkerhets- og driftsdirektør i Fjord1.

– Selskapet har gjennom fleire år bevisst jobba fram ein god sikkerhetskultur. Vår filosofi er basert på barrieretenking, der samspelet mellom prosedyrer og teknologi skal hindre at tekniske eller menneskelege feil får utilsikta konsekvensar, seier Mortensen.

– Ein positiv effekt av godt sikkerhetsarbeid er betre økonomi for selskapet, legg han til.

Veg- og sjøfartsstyresmakter har utfordra ferjenæringa til å få bukt med kontaktskadar. Fjord1 har inntatt ei leiande rolle i dette arbeidet. Sikker drift er sjølve hjørnesteinen i leiarutviklingsprogrammet som alle selskapets kapteinar og leiarar må gjennom. I tillegg er det obligatorisk opplæring i sikkerhetssystemet for alle Fjord1-tilsette. Sikkerhetssystemet blir kontinuerleg forbetra. Vegdirektoratet forventar at Fjord1 held fram dette arbeidet.

– Vi er nøgd med det arbeidet Fjord1 har lagt ned innan sikkerhet. Det var viktig at leiinga tok tak. Dette viser at det som får fokus gir resultat. Ferjene er ein viktig del av vegnettet. Trafikkantane skal kunne kreve at ferjemannskapet får dei like sikkert fram, som vi som vegstyresmakter krev av bilistane på vegane, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

I sommar kom det statistikk frå Sjøfartsdirektoratet som viste at talet på kontaktskadar for næringstrafikk har hatt ein markant nedgang første halvår i år. På dette feltet er særleg ferjer utsatt, med dei mange ankomstane og avgangane frå kaiar. Onsdag 7. september passerer Fjord1 200 dagar utan ein einaste kontaktskade.

– Kampen mot ulykker blir først og fremst bekjempa med kunnskap. Det er positivt at Fjord1 nyttar den kunnskapen dei har opparbeida seg om sikker ferjedrift for å gjere reisene endå tryggare, seier Moe Gustavsen.

– Ei ferjereise skal vere ein pust i kvardagen, der ein skal kunne slappe av, nyte naturen rundt seg og kanskje få i seg litt næring. For at dei reisande med Fjord1 skal ha ei god oppleving av overfarten, er det heilt avgjerande at alle vi i selskapet jobbar kvar einaste dag for at uønskte hendingar ikkje skal skje med våre ferjer, slår Mortensen fast.

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål

Nyhetsbrev