RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon

Erna Solberg besøkte Anda-Lote

Erna Solberg besøkte Anda-Lote

Statsminister Erna Solberg besøkte Anda ferjekai og MF Årdal.

Statsminister Erna Solberg var på rundtur i Sogn og Fjordane tysdag denne veka. I programmet var det lagt inn besøk i ulike bedrifter i Florø, Hyen, Sandane, Anda ferjekai og Nordfjordeid.

På Anda ferjekai tok driftsdirektør Andrè Høyset imot statsministeren saman med regionvegsjef i Statens vegvesen, Helge Eidsnes.

Høyset orienterte om overgongen til elektrisk drift på sambandet frå 1. januar. Dette er den første ferjestrekninga i Norge som går over til heilelektrisk drift og som har krav om nullutslepp.

- Eg er imponert over kunnskapen og engasjementet til statsministeren kring elektrifiseringa av ferjene, ho stilte konkrete spørsmål om ladeteknologi og redundans. Eg nytta sjølvsagt høve til å fortelje om våre erfaringar hittil, og om den solide frekvensen og kapasitetsauka som kjem på Anda – Lote, fortel Høyset.

Bileta: Driftsdirektør Andrè Høyset og regionvegsjef i Statens vegvesen Helge Eidsnes orientererte på Anda ferjekai.

Etter informasjonen på ferjekaia, gjekk turen om bord i MF Årdal der statsministeren mellom anna fekk helse på kaptein Helge Bjørneset og hans mannskap.

Kaptein Helge Bjørneset fortel om ein interessert statsminister.

-Vi snakka mellom anna om det grøne skiftet, og det nye køyremønsteret som vi skal ha på dei elektriske ferjene frå 1.1.2018. Det var eit hyggeleg møte, ifølge Bjørneset.

Solberg fekk kaffi og svele under overfarten til Lote før turen gjekk vidare til Nordfjordeid.

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål