RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon Gjeld ikkje Arsvågen - Mortavika

Signerte kontrakt om Sulapakken

Signerte kontrakt om Sulapakken

Fjord1 ser fram til å operere dei to største sambanda på Sunnmøre.

I dag, fredag, signerte Fjord1 og oppdragsgjevar Møre og Romsdal fylkeskommune kontrakten som betyr at Fjord1 har fått anbodet på sambanda Hareid-Sulesund og Sykkylven-Magerholm.

Dette er to av dei største ferjesambanda i landet, og dei to største målt i årsdøgertrafikk (ÅDT) på Sunnmøre. Anbodsperioden startar med tre nybygg på Hareid-Sulesund i 2019 og to nybygg på Sykkylven-Magerholm i 2020. Alle ferjene vil få plass til 120 personbileiningar. 

– Særleg gledeleg er det for Fjord1 at vi etter 19 år kjem tilbake på sambandet Hareid-Sulesund samstundes som vi held fram operasjonen på Sykkylven-Magerholm, seier Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1. 

Fjord1 har ikkje vore operatør på Hareid-Sulesund sidan årtusenskiftet, men frå 2019 er selskapet operatør på eit samband som var viktig for gamle MRF, eit av selskapa som er blitt til dagens Fjord1.

Det var også viktig for Fjord1 å få halde fram på Sykkylven-Magerholm, eit samband der selskapet si historie strekkjer seg samanhengande frå 1932. 

– Vi ser fram til å gje trafikantane eit godt tilbod på ferjesambanda Hareid-Sulesund og Sykkylven-Magerholm saman med Fjord1. Det er kort tid fram til kontraktsoppstart og vi gler oss til å sjå dei nye fartøya som skal trafikkere sambanda, seier samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1 AS, og Gudmund Lode, juridisk sjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, signerte kontrakten.  

Fjord1 har inntatt ei leiande rolle i det grøne skiftet i norsk transportsektor. Med denne anbodskontrakten forsterkar selskapet denne posisjonen. Dei fem nybygga på dei to sambanda vil nytte null- og lågutsleppsteknologi. Dei vil bidra til at Storfjorden dannar ein miljøvenleg inngangsport til noko av det vakraste fjordlandskapet ein finn i verda. 

– Fjord1 er svært glade for denne kontrakten. Vi ser fram til å ta fatt på operasjonen med nye, innovative og miljøvennlege ferjer på desse to sambanda i 2019 og 2020, seier Neteland.

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål

Nyhetsbrev