RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon

Fjord1-salet i boks: Havila eig 67 prosent

Fjord1-salet i boks: Havila eig 67 prosent

Sogn og Fjordane fylkeskommune har i dag, 14. oktober, overdratt dei avtalte 26 prosenta av aksjane i Fjord1 til Per Sævik-familiens Havila-konsern.

Dei eig no 67 prosent av Norges største ferjerederi. Havila-eigarskapen skjer gjennom det 100 prosent eigde selskapet Havilafjord AS.

Sjølv om Havila-konsernet no har kontroll med det tradisjonsrike ferjerederiet, har dei valt å ikkje gjere store endringar raskt i selskapet. Høgsterettsadvokat Pål W. Lorentzen held fram som styreleiar. Som ny nestleiar i styret har fylkeskommunen peikt ut Vidar Grønnevik, og nytt styremedlem frå «Havila-systemet» er Janicke Driveklepp. Bente Nesse frå fylkeskommunen held fram som styremedlem.

Etter ein lang og krevande prosess er Havila-gründer Per Sævik og Sogn og Fjordane fylkeskommune nøgde med at handelen no er formalisert og på plass:

– Fjord1 er eit veldreve selskap der Sogn og Fjordane fylkeskommune har vore majoritetseigar heilt fram til no. Havila kjenner selskapet veldig godt etter å ha eigd 41 prosent sidan 2011. Leiinga og dei tilsette har dei siste åra gjort ein flott jobb med å snu ei negativ utvikling. Eg ser ingen grunn til at vi skal gjere store endringar i eit selskap som er så veldreve, understrekar Per Sævik.

– Eg er glad denne saka no er løyst, seier fylkesordførar Jenny Følling. – Vi skal vere med som medeigar i selskapet framover i nokre år og ser fram til eit godt samarbeid med Per Sævik og Havila-konsernet.

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål