RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon Gjeld ikkje Arsvågen - Mortavika

Avtale om sal av Fjord1-aksjar

Avtale om sal av Fjord1-aksjar

Avtale om sal av Sogn og Fjordane fylkeskommune sine Fjord1-aksjar

Sogn og Fjordane fylkeskommune og Havilafjord AS har i dag send ut følgjande pressemelding:

Avtale om sal av Sogn og Fjordane fylkeskommune sine Fjord1-aksjar

Det ligg 17. august 2016 føre eit signert avtaleverk om sal av Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar i Fjord1 AS til Havila-konsernet.

Avtalane har kome til etter sonderingar og etter kvart forhandlingar mellom partane i perioden 5.- 17. august.

Avtalane inneber at fylkeskommunen i haust sel seg ned frå ein majoritetspost til ein eigardel på 33 %. Det er vidare lagt opp til resterande aksjar kan verte selde innafor ein påfølgjande opsjonsperiode på vel 2 år. I denne perioden vil partane arbeide for at også andre regionale investorar bør kome inn på eigarsida.

På fylkeskommunal side har forhandlingane vore leia av fylkesordførar og fylkesrådmann og har vore basert på eit samrøystes vedtak i fylkesutvalet 3.august 2016. Hos Havila har Per Sævik leia forhandlingane.

Utover dette har styreleiar i Fjord1 AS, Pål W. Lorentzen, bistått som initiativtakar og leiar av forhandlingsmøta.

Det er lagt til rette for at den formelle transaksjonen vil finne stad mellom det fylkeskommunale selskapet F1 Holding AS og det Havila-eide Havilafjord AS.

Den framforhandla løysing føreset godkjenning i styret for Havilafjord AS 25. august og fylkestinget i Sogn og Fjordane 26. august.

Partane er samde om at føreståande rettssak mellom Havilafjord AS og F1 Holding AS bortfaller dersom framforhandla avtaler vert godkjende.  

Kontaktpersonar:

Jenny Følling                                                      

Fylkesordførar                                           

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Tlf. 479 05 990

Per Sævik   

Tlf. 905 92 914   

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål

Nyhetsbrev