RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon Gjeld ikkje Arsvågen - Mortavika

Reserveferje på Boknafjorden

Reserveferje på Boknafjorden

Vinteren 2017 blir det tilpassa rutetabell ved behov for reserveferje på Boknafjorden. NB! Ruter med reserveferje frå 27. februar og inntil vidare.

Samferdsleministeren har i ei pressemelding stadfesta at Statens vegvesen og Fjord1 har inngått avtale om innsetjing av reserveferje på sambandet Arsvågen-Mortavika.

Fartøyet vil bli sett i rute første gang mandag 16. januar. Det er utarbeida ein tilpassa rutetabell som vil bli nytta i perioden der reserveferja blir nytta. Denne rutetabellen er lagt ut i PDF-format på Fjord1 sine nettsider (oppdatert 18. januar med justerte ruter)

Ferja har fått namnet MF Sulafjord. Kapasiteten er på 105 personbileiningar (PBE). Ferja har tidlegare gått på Arsvågen-Mortavika, då med namnet Boknafjord. Dei siste åra har fartøyet blitt nytta som reserveferje på sambandet Moss-Horten.

Utfyllande informasjon om ferja finn ein på Fjord1 sine nettsider.

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål

Nyhetsbrev