RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon Gjeld ikkje Arsvågen - Mortavika

Rekordresultat i 2016

Rekordresultat i 2016

Fjord1 går inn i den mest spanande tida i selskapet si historie, etter å ha oppnådd sitt beste årsresultat nokon gong.

Fjord1 leverte eit foreløpig konsernresultat på 504 millionar kroner før skatt i 2016. tilsvarande resultat for 2015 var på 212 millionar kroner før skatt. Dette er det beste resultat Fjord1 har hatt gjennom tidene. Omsetninga var på 2,38 milliardar kroner.

– Det er særs gledeleg å kunne leggje fram slike tal. Det er viktig at selskapet styrker resultata når vi no står framfor store investeringar, seier Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1.

Det er fleire årsaker til det gode resultatet:

  • Stabil drift gir betre marginar i høve til anbodskontraktane
  • Betra dagleg planlegging og ressursstyring
  • God sikkerheit gir færre uventa kostnadar.
  • Systematikk i vedlikehaldsprogram reduserer driftsforstyrringar, som igjen reduserer kostnadar
  • Betra resultatutvikling i tilknytte selskap

Fjord1 har sett fantastiske resultat av eit langvarig HMS-arbeid i 2016. Det er særleg ved kontaktskader ferjenæringa har hatt sikkerheitsutfordringar dei siste åra. Fjord1 har kvar einaste dag, året rundt, om lag 1800 kaianløp, men no i februar er det gått eitt år utan at selskapet sine ferjer har vore involvert i kontaktskader.

– Dei siste fire åra har alle tilsette i selskapet jobba målbevisst med sikkerheitskulturen. Det ser vi no resultatet av. Det viktigaste vi gjer er å operere fartøya våre sikkert. I tillegg er det positivt at god sikkerheit også er god økonomi, seier Neteland.

Fjord1 går no inn i ein periode med omfattande aktivitet. Anboda for ferjedrift i åra som kjem stiller krav om bruk av ny teknologi, nye ferjer og difor store investeringar. Fjord1 har som ambisjon å vere leiande i det grøne skiftet i ferjenæringa.

– Det blir ei spanande, men krevjande tid for ferjenæringa. Vi skal leie an i utviklinga av og ta i bruk den nye teknologien som krevjast for framtida. Fjord1 sin investeringsplan er på mellom to og tre milliardar kroner dei komande åra, seier Neteland.

På anbodssida skjer det særs mykje. Det skal leverast tilbod i fleire anbodskonkurransar. I tillegg skal Fjord1 setje i gang drift av kontraktar selskapet allereie er blitt tildelt:

  • Frå 2018 set selskapet i drift sitt første null-utsleppsamband; Anda-Lote i Nordfjord.
  • Frå 2018 set selskapet i drift to av dei sju ferjesambanda Fjord1 skal overta i Hordaland. Dei fem siste blir sett i gang frå 2020. Også her er det klare krav til ny teknologi.
  • Frå 2019 skal Fjord1 overta sambandet Brekstad-Valset i Sør-Trøndelag, med to nye ferjer med miljøvennleg teknologi.
  • I 2019 skal den nye anbodskontrakten på Norges nest største ferjesamband, Mortavika-Arsvågen i Rogaland, setjast i gang, med kraftig auke i avgangsfrekvensen.

– Vi har allereie vunne fleire nye anbod, men har ambisjonar om å vinne fram i dei mange viktige anbodsprosessane som blir avgjort i tida framover. 2017 blir difor eit spanande og utfordrande år for Fjord1, fastslår Dagfinn Neteland.

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål

Nyhetsbrev