RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon

Positivt halvårsresultat for Fjord1

Positivt halvårsresultat for Fjord1

Fjord1 ASA leverer eit resultat på 239,4 millionar kroner i første halvår. Dermed held den gode økonomiske utviklinga fram.

På same tid i fjor var resultatet 141,5 millionar.

Omsetjinga første halvår var på 1,37 milliardar kroner. Til samanlikning var den 1,15 milliardar første halvår i 2016.

Selskapet peiker på fleire ulike faktorar til auken frå 2016.

– Høgare volum og stabil og sikker drift gir betre marginar . Turismesegmentet viser også betring i omsetjing som følgje av utleige av fleire fartøy, seier Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1.

Resultatet i andre kvartal var på 138,1 millionar kroner.  På same tid i fjor var resultatet 95,6 millionar.

– Det er gledeleg å kunne presentere gode kvartals- og halvårsresultat for eigarane våre berre nokre veker etter at vi blei notert på Oslo Børs, seier Neteland.

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål