RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon

Fjord1 fekk Nynorsk næringslivspris

Fjord1 fekk Nynorsk næringslivspris

Fjord1 er tildelt Nynorsk næringslivspris for 2017. Det er Noregs Mållag som deler ut prisen.

Fjord1 er tildelt Nynorsk næringslivspris for 2017. Det er niande året på rad at Noregs Mållag deler ut ein slik pris, og Fjord1 vart overrekt årets pris under ein seremoni i Oslo 15.desember. I juryen sat TV-profilen Arne Hjeltnes med fleire, og i framlegget til at Fjord1 skulle få prisen står det følgjande;

"Noregs Mållag sin pris for å fremja nynorsk i næringslivet går i år til Fjord1. Juryen har i år lagt særskild vekt på at Fjord1 er i ei bransje der det ikkje er vanleg med god målbruk. Fjord1 har gjennom mange år vore ein medviten og svært god nynorskbrukar. Dette kan ein som reisande merka sjølv i dei små detaljane som billettar, nettsider og meldingar frå selskapet. Juryen er overtydd om at dette skapar ein positivt identitet og eit godt omdømme for Fjord1. Vonleg vil prisen gjera at Fjord1 held fram med å vera eit godt føredøme for andre større aktørar i næringslivet, når det gjeld å bruka nynorsk for å vera ei tydeleg verksemd".

HR-leiar i Fjord1, Cicilie Færestrand set stor pris på å motta Nynorsk næringslivspris.

- Vi i Fjord1 er svært glade over å motta denne prisen. Vi ser at det ikkje er vanleg med nynorsk i denne næringa, og difor er vi stolte over å kunne vere eit føredøme for andre. Vi er stolte nynorskbrukarar, og svært takksame for prisen, fortel Færestrand.

Noregs Mållag har delt ut Nynorsk næringslivspris sidan 2006 og årets prisvinnar er den niande i rekkja som får denne heideren. I juryen til Nynorsk næringslivspris 2017 sat Arne Hjeltnes, Magne Aasbrenn, Mariann Njøsen, Nina Berge Rudi og Øystein Skjæveland.

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål