RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon Gjeld ikkje Arsvågen - Mortavika

Ny tid for ferjene i Hordaland med Fjord1

Ny tid for ferjene i Hordaland med Fjord1

Fjord1 vil i 2018 og 2020 ta over drifta av totalt sju ferjesamband i Hordaland. Det vil føre til at ferjeflåten i fylket blir modernisert. Den nye kontrakten mellom Skyss og Fjord1 betyr samtidig ei unik satsing innan det grøne skiftet i ferjenæringa.

Fjord1 vil frå 1. januar 2018 ta over drifta av følgjande ferjesamband:

• Krokeide-Hufthamar
• Husavik-Sandvikvåg

Frå 1. januar 2020:

• Sløvåg-Leirvåg
• Fedje Sævrøy
• Halhjem-Våge
• Hatvik-Venjaneset
• Langevåg-Buavåg

Ferjene som går i desse rutene i dag har ein snittalder som nærmar seg 30 år. Når Fjord1 tar over drifta for fullt vil dei\ reisande oppleve ein kraftig fornya ferjeflåte på alle samband..

− På få år er krava til ferjedrift endra på ein måte som krev moderne fartøy. Universell utforming av fartøya og premiering av grøne løysingar er viktige drivarar for denne utviklinga, seier André Høyset, konstituert administrerande direktør i Fjord1.

Det er spesielt innan energibruk og utslepp ein står framfor ei rivande utvikling i åra som kjem. Då det blei kjent i oktober at Fjord1 hadde det beste tilbodet, peikte Skyss og Hordaland fylkeskommune på at Fjord1 hadde plikta seg til å redusere energibruken med 60 prosent og CO2-utsleppa med 87 prosent.

− Det grøne skiftet er viktig for Fjord1. Vi ser at ferjenæringa kan spele ei viktig rolle i at samfunnet når måla for redusering av utslepp. Fjord1 kjem også etter at anbodet er i gang jobbe kontinuerleg med reduksjon av energibruk og C02-utslepp, seier André Høyset.

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål

Nyhetsbrev