RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon

Signerte Nordmørspakken

Signerte Nordmørspakken

Fjord1 set inn fem nybygg på dei fire fylkesvegsambanda frå 2020.

Biletet frå venstre: administrerande direktør i Fjord1 Dagfinn Neteland og fylkesrådmann i Møre og Romsdal Ottar Guttelvik.

 

Fjord1 signerte torsdag milliardkontrakta «Nordmørspakken» med Møre og Romsdal fylkeskommune om fire fylkesvegsamband. Dei fire ferjesambanda er Edøya – Sandvika, Arasvika – Hennset, Seivika – Tømmervåg og Kvanne – Rykkjem, og kontraktsperioden er frå 1.1.2020 til 31.12.2030.  

Fem av dei seks fartøya på sambanda blir nybygg, som vil gje ei omfattande oppgradering, samanlikna med dagens materiell. Alle nybygga blir moderne el-ferjer som primært skal gå heilelektrisk. Det vil i tillegg vere installert dieselgeneratorar for å sikre driftsstabilitet ved til dømes bortfall av straum frå land. Ferjekonsepta vil vere optimaliserte for sambanda med omsyn til stabilitet og energieffektivitet, i tillegg til å tilby gode passasjerfasilitetar for trafikkantane.

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland er tilfreds med å vinne fram i anbodskonkurransen om drifta av dei fire nye fylkesvegsambanda på Nordmøre.

- Dette er ei stor og viktig kontrakt for Fjord1, der vi vinn fram med nye og svært miljøvennlege fartøy. Vi er stolte over å vere leiande i næringa innan «det grøne skiftet». I tillegg til dei store utsleppskutta som dei fem nye fartøya for sambanda representerer, vil det også innebære eit stort kvalitetsløft for våre reisande. Eg vil også nytte høve til å trekke fram fylkeskommunen sin vilje til å premiere miljøvennlege og framtidsretta løysningar. Vi i Fjord1 ser fram til eit fortsatt godt samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune og gler oss stort til å sette i gong den nye kontrakta, seier Neteland.

 

Biletet viser skissa av ein 80-PBE til sambandet Seivika-Tømmervåg. 

 

 

Kvanne - Rykkjem:
Eit nybygg med kapasitet for 50 personbileinhetar (PBE) og 3 vogntog (VTE). I samsvar med anbodskrav har fartøyet passasjerkapasitet på 149.

 

Edøya - Sandvika:
To nybygg med kapasitet for 50 PBE og 3 VTE. I samsvar med anbodskrav har fartøyet passasjerkapasitet på 199.

 
Seivika - Tømmervåg:
To nybygg med kapasitet for 80 PBE og 6 VTE. I samsvar med anbodskrav har fartøyet passasjerkapasitet på 399.

 
Arasvika - Hennset:
Eksiterande fartøy tilpassa sambandet med kapasitet på 25 PBE og 2 VTE. Fartøyet vil vere eit tradisjonelt dieselfartøy, men oppgraderast for å minimere energiforbruket med mellom anna varmepumpe. I samsvar med anbodskrav har fartøyet passasjerkapasitet på 149.

Det blir lagt til rette for ei sjølvbetent kioskløysing på dei fire sambanda. Kontrakta har ein verdi på om lag 1,9 milliardar kroner.

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål