RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon Gjeld ikkje Arsvågen - Mortavika

Dagfinn Neteland tilsett som administrerande direktør i Fjord1

Dagfinn Neteland tilsett som administrerande direktør i Fjord1

Etter ein grundig og god rekrutteringsprosess har styret i Fjord1 avgjort å tilsette Dagfinn Neteland (56) som administrerande direktør. 

Neteland kjem frå stillinga som konsernsjef i Vestlandsentreprenøren AS. Han vil tiltre så snart som mogleg, seinast innan 1/1-2017.

Dagfinn Neteland (DN) har særs solid og god bakgrunn fra transportnæringa, og var også administrerande direktør i Fjord1 frå juni 2014 til desember 2015. Neteland si generelt gode leiarrøynsle frå store komplekse organisasjonar bidreg også til å gjere han spesielt godt eigna for stillinga.

Styret i Fjord1 har vektlagt kva som tener utviklinga til selskapet, lønsemd og organisasjonskultur best. Leiargruppa til selskapet har sidan Neteland fråtredde i fjor haust arbeidd særs godt. Men i ei tid der utfordringane for selskapet er betydelege, er det avgjarande at det moment som var til stades i organisasjonen før spørsmåla kring eigarskapen fekk all fokus, gjenskapast så raskt som mogleg.

Styreleiar Pål Wergeland Lorentzen uttrykker stor tilfredsheit med at Neteland har takka ja til ein ny periode som administrerande direktør i Fjord1.

– Fjord1 er ein leiande og særdeles viktig aktør innan norsk samferdsle. Som for alle verksemder over tid, er Fjord1 framfor alt avhengig av å drive lønsamt og sikre kontinuerleg utvikling av verksemda. Med Dagfinn Neteland bak roret vil det igjen skapast tryggleik for at Fjord1s utvikling skjer i riktig retning og i dei rette farvatn, til beste for både kundar, tilsette og eigarar, seier Lorentzen. 

Kontaktpersoner:
Pål W. Lorentzen, styreleiar, telefon 99266835.
Dagfinn Neteland, telefon 91371071.

Fjord1 er eit av dei største transportselskapa i Norge, og er leiande innanfor ferjeverksemd. Selskapet skal vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, og jobbar kontinuerleg med utvikling av nybygg i verdsklasse. Selskapet har klare ambisjonar om å ha ein leiande posisjon innanfor det grøne skiftet.

Våre 21,5 millionar passasjerar (tal pr. 2015) utgjer fundamentet i verksemda vår, og gjennom imøtekommande og profesjonell service, skal Fjord1 sine tilsette gjere reisa på fjorden til ein sikker, komfortabel og saumlaus oppleving.

Fjord1 si kjerneverksemd er konsentrert om sjøtransport gjennom ferje- og hurtigbåtdrift, i tillegg til cateringverksemd. Selskapet har også aktivitet gjennom reisebyrå, finans- og eigendomsforvaltning. Gjennom sitt eigarskap i The Fjords DA, satsar Fjord1 på reiselivsaktivitet på fjordane på Vestlandet. Fjord1 har ein eigardel i WF Holding AS på 34 %, som gjer selskapet til medeigar i Widerøe’s Flyveselskap AS.  

Fjord1 er ein moderne organisasjon med fokus på kontinuerleg utvikling av leiarane og medarbeidarane på alle nivå i organisasjonen. Fjord1 blir kjenneteikna av modernisering, innovasjon og kvalitet.  Det er 1235 tilsette i Fjord1 – ein kompetansearbeidsplass med dei beste og mest motiverte medarbeidarane i næringa. I 2015 omsette selskapet for 2,2 milliardar kroner.

Fjord1 er eigd av Havilafjord (67%) og Sogn og Fjordane fylkeskommune (33%). Havilafjord har opsjon på kjøp av fylkeskommunens resterande eigarandel.

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål

Nyhetsbrev