RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon Gjeld ikkje Arsvågen - Mortavika

MF Losna døypt

MF Losna døypt

Gunn Åmdal Mongstad, ordførar i Solund, fekk æra av å vere gudmor.

I dag, torsdag 26. oktober var det ferjefest på den gamle ferjestaden Brekke i Gulen. MF Losna var midtpunktet for seremonien som blei gjennomført i nydeleg vêr.

Det var ordførar i Solund, Gunn Åmdal Mongstad, som fekk æra av å være gudmor. Brekke skulemusikk sørga for at det var god stemning mellom dei frammøtte, som alle fekk komme om bord i ferja etter dåpen. 

Frå venstre: Dagfinn Neteland (administrerande direktør i Fjord1), Gunn Åmdal Mongstad (gudmor og ordførar i Solund), Adil Erkoç (styreformann ADA Shipyard), Henning Gåsvær (administrerande skipsførar) og Pål W. Lorentzen (styreleiar i Fjord1).

Ferja er bygd ved ADA Shipyard i Tyrkia, for ruta Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella i Ytre Sogn. På dette sambandet er det også stopp på Losna, øya som fartøyet har fått namnet sitt fra, Representantar frå verftet var på plass for å kaste glans over ferja.

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, kunne vise fram ei flott ferje som forhåpentlegvis vil vere til stor glede for både reisande og mannskap.

- Vi konkurrerer om anbod i heile landet, men det er alltid spesielt kjekt å ha ferjedåp i Sogn og Fjordane for ei ferje som skal gå her i fylket, sa Neteland.

Losna er søsterskipet til MF Hornelen som går i rute Måløy-Husevågøy-Oldeide. Denne ferja blei døypt i Kalvåg i Bremanger kommune i fjor haust.

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål

Nyhetsbrev