RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon

MF Gloppefjord i drift

MF Gloppefjord i drift

MF Gloppefjord blir sett i drift i verdas første nullutsleppssamband onsdag.

Onsdag 24. januar kl.13:00 blir MF Gloppefjord sett i drift i sambandet Anda-Lote, det første sambandet i verda med krav om nullutslepp. Dette er eit viktig prosjekt for Fjord1, og det er ein milepæl å sette i drift den første av to elektriske Fjord1-ferjer her. Søsterferja MF Eidsfjord blir sett i drift i sambandet så raskt som mogleg etter ankomst til Norge.

Dei tradisjonsrike «Fjord1-svelene» blir å finne om bord som tidlegare. I samarbeid med Minibakeriet på Nordfjordeid sørger Fjord1 for at dei reisande mellom anna får kjøpe ferske sveler, smørbrød, kaffi og andre leskedrikkar om bord.

-  I dei nye miljøkontraktane skal vi ha eit framhaldande serveringstilbod for våre reisande. Tilbodet om ferske og smakfulle Fjord1 bakevarer og varm kaffi består på Anda – Lote ferjene, fortel driftsdirektør i Fjord1, Andrè Høyset.

I samband med at MF Gloppefjord blir sett i drift, ønskjer vi velkommen til pressemøte om bord onsdag kl.12:00 ved Anda ferjekai. Her vil også ordførarar vere til stade, og det vil vere høve til omvising og intervju. Når MF Gloppefjord blir sett i drift kl.13:00, serverer vi gratis sveler og sandwich til våre reisande.

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål