RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon

Havyard byggjer fem ferjer for Fjord1 til Sunnmøre

Havyard byggjer fem ferjer for Fjord1 til Sunnmøre

Fjord1 har skrive kontrakt med Havyard Group om design og bygging for dei fem nye ferjene, som skal inn på Hareid-Sulesund og Magerholm-Sykkylven.

Frå 2019 skal dei to største ferjesambanda på Sunnmøre gjennom ei av dei mest omfattande fornyingane vi har sett i norsk ferjehistorie. Totalt fem nye ferjer skal setjast inn, alle 111 meter lange, og med plass til 120 personbileiningar. Tre av ferjene skal inn på Hareid-Sulesund, to skal inn på Magerholm-Sykkylven.

– Det er strenge krav til utforming, utslepp og energibruk i den nye anbodskontrakten som vi har inngått med Møre og Romsdal fylkeskommune.. Vi er godt nøgd med å skrive avtale med eit vestlandsbasert selskap, som leverer godt på innovasjon, kvalitet og pris, seier Deon Mortensen, sikkerheits- og maritim teknisk direktør i Fjord1.

Alle dei fem ferjene skal driftast med null- og lågutsleppsteknologi. I utgangspunktet skal ferjene utelukkande nytte elektrisk framdrift. Fjord1 har inntatt ei leiande rolle innan det grøne skiftet i norsk transportnæring. Dei fem ferjene som skal inn på Sunnmøre vil styrke denne posisjonen.

Det er Havyard Ship Technology som skal byggje ferjene. I tillegg står Havyard Design & Solutions for design.

– Det er allereie kjent at Havyard skal byggje tre miljøvenlege ferjer for Fjord1 som skal inn på samband i Hordaland og Sør-Trøndelag. Vi ser no fram til å utvide dette samarbeidet med levering av ytterlegare fem ferjer, seier Arild Austrheim, leiar nybygg i Fjord1.

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål