RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon

Fjord1 gir 100.000 kroner til Redningsselskapet

Fjord1 gir 100.000 kroner til Redningsselskapet

Årets julegåve går til Redningsselskapet.

Biletet over: Jan Henrik Nygård (styremedlem i Redningsselskapet Sogn og Fjordane), og Kristin Maurstad (styreleiar i RS Sogn og Fjordane) tok imot gåvesjekken torsdag.

 

 

Årets julegratiale frå Fjord1 går til Redningsselskapet Region Vest- og Region Midt-Norge. Gåvesjekken på kroner 100 000,- vart tildelt representantar i Redningsselskapet torsdag morgon ved hovudkontoret i Florø.

Fjord1 ønskjer å fremje mangfald, trivsel og naudsynte behov innanfor idrett og kultur i dei distrikta selskapet opererer i. Sikkerheit i den daglege drifta om bord i fartøya er det viktigaste arbeidet som Fjord1 jobbar med på dagleg basis. Fjord1 ønskjer at sjøen skal vere ein trygg plass å ferdast på- og ved- for alle.

- På bakgrunn av dette ser vi det som svært naturleg å støytte Redningsselskapet sitt viktige arbeid. Redningsselskapet gjer sjøen til ein tryggare stad å vere, og det er med stor glede at vi kan tildele eit større pengebeløp til denne frivillige organisasjonen. Vi i Fjord1 veit kor viktig sikkerheitsarbeidet på sjøen er, og Redningsselskapet gjer ein fantastisk flott jobb, fortel HR-leiar Cicilie Færestrand.

Redingsselskapet Region Vest (Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland), og Region Midt-Norge (Trøndelag, Møre og Romsdal) står fritt til å disponere beløpet frå Fjord1 etter eige ønskje. Det var styreleiar i RS Region Vest, Kristin Maurstad og styremedlem Jan Henrik Nygård som tok i mot gåvesjekken på vegne av Redningsselskapet torsdag.

- Vi set stor pris på bidraget! Redningsselskapet er avhengige av frivillige for å kunne oppretthalde beredskapen og styrke aktiviteten langs kysten vår. Fjord1 er ein viktig samarbeidspartnar for oss, og dei er gode ambassadørar for det som skjer til sjøs. Vi skal sikre at midlane frå Fjord1 vert nytta på ein god måte, og at det vil gagne visjonen vår om at ingen skal drukne på sjøen.

Biletet f.v.: kom.medarbeidar Hilde Anita Røyrvik, styremedlem RS Jan Henrik Nygård, styreleiar i RS Kristin Maurstad, tillitvalt Negotia Daniel Nedrelid, HR-leiar Cicilie Færestrand og tillitsvalt for Handel og Kontor Oddrun Sunnarvik.

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål