RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon Gjeld ikkje Arsvågen - Mortavika

MF Hornelen døypt i Kalvåg

MF Hornelen døypt i Kalvåg

Fylkesmann Anne Karin Hamre var gudmor då MF Hornelen blei døypt i Kalvåg.

I strålande solskinn og med glade born og vaksne på plass på fiskerikaia i Kalvåg, blei MF Hornelen døypt i Kalvåg torsdag 6. oktober. Ferja har fått namn etter Nord-Europas høgaste sjøklippe, som ligg på øya Bremangerlandet i Ytre Nordfjord.

Fylkesmann Anne Karin Hamre var gudmor, og sto for den tradisjonelle dåpsseremonien. Dette er den første ferja som er døypt i fylket etter at ho tok over stillinga ho no har i 2011.

For reiarlaget Fjord1 står styreleiar Pål W. Lorentzen og konstituert administrerande direktør André Høyset i spissen, medan det er administrerande skipsførar Arvid Teige som tar over ferja. Selskapet skal setje MF Hornelen inn i sambandet Måløy - Oldeide - Husevågøy om kort tid.

MF Hornelen er bygd ved Ada Shipyard i Tyrkia. Styreformann Adil Erkoç kastar glans over dåpen frå verftet si side.

Dei inviterte gjestene fekk ein rundtur med den nye ferja etter dåpsseremonien. Då ferja kom attende til land var det open båt i Kalvåg for dei frammøtte.

Sjølve dåpsmiddagen for dei inviterte gjestane fann stad ved Knutholmen i Kalvåg.

Frå venstre: Konstituert administrerande direktør André Høyset, fylkesmann og gudmor Anne Karin Hamre, kaptein Arvid Teige og styreleiar Pål W. Lorentzen.

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål

Nyhetsbrev