RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon Gjeld ikkje Arsvågen - Mortavika

Fleire avgangar på Flakk-Rørvik

Fleire avgangar på Flakk-Rørvik

Fjord1 er blitt samd med Statens vegvesen om 17 dagar med ekstra ruteproduksjon på Flakk-Rørvik i år.

Fjord1 og Statens vegvesen er blitt samde om ekstra ruteproduksjon på 17 datoar i 2017, der det er venta stor trafikk. Datoane er følgjande:

  • Laurdag 8. april
  • Tysdag 11. april
  • Onsdag 12. april
  • Måndag 17. april
  • Måndag 1. mai
  • Tysdag 16. mai
  • Onsdag 24. mai
  • Torsdag 1. juni
  • Laurdag 3. juni
  • Måndag 5. juni
  • Måndag 10. juli
  • Torsdag 20. juli
  • Torsdag 28. juli
  • Laurdag 29. juli
  • Torsdag 10. august
  • Torsdag 17. august
  • Laurdag 19. august

I påska går rutene på Flakk-Rørvik slik:

Laurdag (8. april): Frå Flakk: Laurdagsrute fram til klokka 09.00. Frå klokka 09.00 blir det avgang kvart 20. minutt til og med klokka 16.00. Deretter laurdagsrute. Frå Rørvik: Laurdagsrute fram til klokka 09.30. Frå klokka 09.30 blir det avgang kvart 20. minutt til og med klokka 16.30. Deretter laurdagsrute.

Tysdag 11. april og onsdag 12. april: Frå Flakk. Kvardagsrute fram til klokka 11.00. Frå klokka 11.00 avgang kvart 20. minutt til og med klokka 17.00. Deretter avgang kvar halve time til og med klokka 21.30. Deretter vanleg kvardagsrute. Frå Rørvik. Kvardagsrute fram til klokka 11.30. Frå klokka 11.30 avgang kvart 20. minutt til og med klokka 17.30. Deretter avgang kvar halve time til og med klokka 22.00. Deretter vanlag kvardagsrute.

Skjærtorsdag (13. april): Kvardagsrute

Langfredag (14. april): Fredagsrute (vinter)

Påskeaftan (15. april): Laurdagsrute

Påskedag (16. april): Søndagsrute

2. påskedag (17. april): Fredagsrute (sommar)

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål

Nyhetsbrev