RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon

Fjord1 med nye ferjer i Austevoll i 2018

Fjord1 med nye ferjer i Austevoll i 2018

1.januar 2018 overtar Fjord1 drifta av dei to første av i alt elleve ferjesambanda på fylkesvegnettet i Hordaland.

Med nye elektriske ferjer i begge sambanda, både i A-og B-ruta, får dei reisande ta del i den mest miljøvenlege og moderne samferdsleløysinga som har vore på norske fjordar i nyare tid.

MF Møkstrafjord, som skal i rute på Krokeide-Hufthamar blir overlevert Fjord1 frå Tersan Yard i Tyrkia medio januar, og startar då den vekeslange forseglinga mot nordlegare strok.

-MF Møkstrafjord, som er den første ferja som blir ferdigstilt, er difor i beste fall klar til å bli sett inn i sambandet i løpet av februar, men her må vi ta noko atterhald med tanke på været under forseglinga, fortel driftsdirektør Andrè Høyset.

MF Horgefjord, som også skal inn i ruta på Krokeide-Hufthamar, blir ferdigstilt i Tyrkia i løpet av våren/sommaren. MF Husavik, som skal inn i sambandet Husavik-Sandvikvåg blir ferdigstilt ved Leirvik i Sogn, og er klar i løpet av 2018.

Fram til dei nye ferjene er klare, skal MF Trondheim og MF Sulafjord trafikkere Krokeide-Hufthamar, og MF Vågsøy går inn i sambandet Husavik-Sandvikvåg.

-Vi ser fram til å ta over drifta på desse sambanda i Austevoll. Vi føler oss trygge på at vi skal tilby dei reisande eit godt tilbod gjennom dei nye kontraktane, som mellom anna set strenge krav til energibruk, regularitet og nytt materiell, fortel Høyset.

Sjå rutetabell:

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål