CALL 177
For general information

Verdikort for køyretøy

Verdikort for køyretøy

Verdikort for køyretøy får du kjøpt hos billettør om bord i ferja. Det er klart til bruk straks etter påfylling.

Verdikort gir 50 % rabatt på alle ferjesamband som står på lista på www.ferjekort.no/samband.  På Arsvågen-Mortavika blir det ikkje gitt rabatt på bompengedelen. 

Fyll på kortet hos gjeldande ferjeselskap

Kortet må påfyllast hos det ferjeselskapet der du kjøper kortet. Kort kjøpt hos Fjord1 må altså fyllast på hos Fjord1. 

Verdikort for køyretøy kan også nyttast som betalingsmiddel for person (17 % rabatt) og gods (ingen rabatt).

Verdikortet må fyllast med verdi avhengig av køyretøyklasse (f.o.m 01.01.2015):

Køyretøy inntil 8 meter: 3 300 kr

Køyretøy mellom 8 og 17 meter: 13 200 kr

Køyretøy inntil 22 meter: 25 000 kr

Ved første gongs kjøp blir det ilagt kortpant på 100 kr.

Verdikort kan ikkje brukast for høgare klasser enn det er kjøpt for. Kortet kan derimot brukast for lågare klasser.

Eit verdikort kan berre brukast som rabattkort for eitt enkelt køyretøy, men med desse unntaka:

  • Næringstransportar der fleire køyretøy har same eigar. 
  • Idrettslag og organisasjonar som kan dokumentere felles reiser til arrangement.

smsReceive traffic messages on SMS

Click to register (Norwegian only)

Questions and answers

Frequently Asked Questions