Dette reisekortet passar for deg som reiser med Kystvegsekspressen eller Vik-Ortnevik og Ortnevik-Måren-Nordeide av og til. Kortet gir 17 % rabatt på billettar over minstetakst, for vaksen eller barn.

Verdikortet nyttar du i staden for kontantar, og det gjeld som betaling for reiser på Kystvegsekpressen samt Vik-Ortnevik og Ortnevik-Måren-Nordeide i Sogn og Fjordane i Vestland.

Verdikortet er ikkje personleg, noko som betyr at fleire kan dele på eitt verdikort.

Du kan kjøpe verdikort direkte hos billettøren på båten.

Verdikortet må fyllast på med minimum 300 kr. kvar gong. Første gong du kjøper verdikortet, må du betale 100 kr i pant for produksjon av kortet. Pant vert redunfert på alle kort som ikkje skal brukast meir, og som vert innlevert. Dersom kortet er øydelagt, vert ikkje panten refundert.
Frå 1. juli 2022 blir det endring i bruk av periode- og Kringom verdikort i Florabassenget i Sogn og Fjordane i Vestland. 
Les meir om denne endringa her.
Har du periode- og Kringom verdikort frå Florabassenget som du ønsker å refundere, les meir om dette her.