|
Geirangerfjorden; verdas mest berømte fjord - no på UNESCO si verdsarvliste.
Den 14. juli 2005 vart Geirangerfjorden medlem av den eksklusive UNESCO-lista (lista rommar berre 150 namn på verdensbasis!) som det internasjonale samfunnet tar eit særskilt ansvar for å bevare.
Geirangerfjorden er ein arm av Sunnylvsfjorden og strekkjer seg 20 km mellom Geiranger og Hellesylt. Fjorden er heile vegen omkransa av høge, bratte fjell opp i over 1 500 m.o.h. Fjorden er på det meste over 200 meter djup.
Ferjecruiset på verdas mest berømte fjord tek ca. 65 min. (Klikk her for rutetider og prisar). Verdikort kan brukast, men gjer ikkje rabatt. Ved sidan av dei stupbratte fjellsidene og dei mange fossefalla, er det spora etter menneska som har levd og arbeidd på dei mange fråflytta fjell- og strandgardane som gjerne gir mest inntrykk. Her er legendene mange og historia nær. Enkelte av gardane var bebudd og i drift heilt fram til 1950- og 1960-talet.
Sals- og servicetilbodet om bord i ferja er betre enn nokon gong. For grupper anbefalar vi bestilling av lunsj/middag på førehand.
I Geiranger anbefalar vi spesielt eit besøk i Norsk Fjordsenter. Den flotte utstillinga er ei vandring frå fjord til fjell, som vil gje deg ei spesiell oppleving av ei tid og eit levevis som ikkje finst lenger.
Foto: Fjord Norge/Per Eide |