Fjord1 (link)
Søk
Du er her : Hovedmeny > Aktuelt > Aktuelt > Vinnarar av teiknekonkurranse om refleksbruk

Vinnarar av teiknekonkurranse om refleksbruk

[Sist endra: 13.11.2009 10:31:23]

Det var stor deltaking i teiknekonkurransen ”Bli sett med Fjord1” i samband med Refleksdagen 15. oktober. No er vinnarane kåra.

22 skuleklassar deltok i teiknekonkurransen, som tok sikte på å engasjere 3-klassingane i dei fylka selskapet opererer i. Fjord1 har no utpeika ei vinnarteikning i kvart fylke, der premien vert eit gåvekort på 4500 kroner som kan brukast til tur for vinnarklassen.

- Det er tydeleg at 3-klassingane har engasjert seg i trafikksikkerheitsspørsmålet på ein lærerik og morosam måte i denne konkurransen, seier kommunikasjonsdirektør i Fjord1, Ingrid Færøyvik. – Vi har fått inn utruleg mange flotte og kreative forslag, og det var ikkje lett å plukke ut vinnarar.

Klassane fekk høve til å diskutere trafikksikkerheitstemaet, og engasjere seg i å bestemme kva teikning som best representerer det som har vore diskutert om temaet. Kvar klasse valde så ut ei teikning til å representere klassen i konkurransen.

- Når ein ser at rundt 40% av alle fotgjengarulykker skjer i mørket, og at refleks reduserer risikoen for å bli påkøyrd med 85%, vert det ekstra viktig å lære borna kor viktig det er å bli sett i mørket, seier Færøyvik vidare.

Fristen for å levere inn forslag var 31. oktober, og vinnarane vart utpeika i dag, 11. november. Teikningane vil bli publisert i neste utgåve av Fjord1 magasinet, og Fjord1 vil også sjå på mulegheita til å plukke ut ei av vinnarteikningane til å pryde neste års refleks.

Oversikt over vinnarklassane (klikk på namnet for å vise teikninga):

• Hasvik skole, Hasvik kommune, Finnmark
• Sunnylven skule, Stranda kommune, Møre og Romsdal
• Askvoll skule, Askvoll kommune, Sogn og Fjordane
• Vågåmo skule, Vågå kommune, Oppland
• Leveld skule, Ål kommune, Buskerud


Tips ein venTips ein ven
Klikk her for utskriftsvennlig versjonKlikk her for utskriftsvennlig versjon
 
Intranett InMedia AS NorwegianEnglish