Fjord1 (link)
Søk
Trafikkinformasjon buss
Ekspressbussruter
   Kartoversikt
Reisegaranti
Du er her : Hovedmeny > Buss > Turbuss/bussleige > Turbuss/bussleige

Turbuss / Bussleige


Turbuss

Busselskapa i Fjord1 har lang og allsidig røynsle i turkøyring både i inn- og utland. Gjennom heile året løyser vi store og små oppdrag for lokale kundar; bedrifter, skular og organisasjonar.

Om sommaren er turbussaktiviteten i stor grad knytt til turisttrafikken som dagsutflukter i samband med cruiseskipanløp i Gerianger, Hellesylt, Olden, Flåm, Gudvangen, Vik og Skjolden, samt køyring av serieturar for norske og utanlandske turoperatørar. Om vinteren har vi stor turbussaktivitet på dei store skisportsdestinasjonane Hemsedal og Geilo.

Vi produserer også bussturar i eigen regi i inn- og utland. Sjå meir her.

Treng du profesjonell hjelp til pakking av heile turopplegget, ordnar vi gjerne det saman med våre gode samarbeidspartnarar.

Vi har ein moderne og velutstyrt busspark med ein kapasitet frå 9 - 60 seter. Vi legg vekt på kvalitet og tryggleik, og våre serviceinnstilte sjåførar gjer bussturen til ei god oppleving.

Vi har bussar i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Oppland og Buskerud. Sjå våre kontaktpunkt på kartet.

Klikk for å sjå oversikt
 


 
Intranett InMedia AS Norwegian English