Fjord1 (link)
Søk
Visjon
Forretningside
Organisasjonskart
Du er her : Toppmeny > Om Fjord1 > Om Fjord1

Om Fjord1


Fjord1

Fjord1 Nordvestlandske AS vart stifta i Florø 9. mai 2001 etter ein fusjon mellom Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane AS og Møre og Romsdal Fylkesbåtar AS.

Fjord1 Nordvestlandske AS er morselskapet i Fjord1, eit transportkonsern med omfattande aktivitet på sjø og land i store delar av Noreg. Fjord1 Nordvestlandske AS er eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune (59%) og Møre og Romsdal fylke (41%), og har hovudkontor i Florø.

Konsernet si kjerneverksemd er ferjedrift, passasjer- og ekspressbåtdrift, lokal- og ekspressbussdrift, reiseliv, godstransport på land og catering. I tillegg driv konsernet omfattande verksemd innan andre forretningsområde, herunder reisebyrå, verkstaddrift, finans og eigedomsforvaltning.

Aktiviteten er organisert i fire forretningsområde; sjø, buss, gods land og service, og vert driven gjennom 7 datterselskap; Fjord1 Fylkesbaatane AS, Fjord1 MRF AS, Fjord1 Buss Møre AS, Fjord1 Transport AS, Fjord1 Nordfjord-Ottadalen AS, Fjord1 Sogn Billag AS og Fjord1 Service AS. I tillegg kjem underliggande selskap og eigarinteresser i ei rekkje andre selskap. 

Nøkkeltal for drifta 2008

Årsverk: 2.322
Tal ferjer: 62
Tal hurtigbåtar og andre båtar: 17
Tal bussar: 374
Tal godsbilar: 147
Vognkilometer: 27.800.000
Tal transporterte personar på båt, ferje, buss: 27.798.000
Tal køyretøy på ferjene: 8.700.000

Omsetning 2.823 mill. kroner
Balanse 31.12.08: 3.611 mill. kroner
Eigenkapital 31.12.08: 799 mill. kroner
Resultat før skatt 2008: 101 mill. kroner
Kontantstraum: 475 mill. kroner
Investering 301 mill. kroner 


 
Intranett InMedia AS Norwegian English